MTB: Arnanipa

Stisykling i Bergn er endå ikkje blitt utforska så voldsomt for min del, men me fant nyleg ein flott sykkelsti i Arna, nærare bestemt opp på fjellet Arnanipa.

Me tok utgangspunkt i ein beskrivelse som ligg på Terrengsykkel.no, som ikkje var imponerande, men likevel fekk oss i riktig retning. Me begynte ved Arna stasjon, der me parkerte ved Øyrane torg. Me tok Stølsveien opp forbi nokre eldreboliger og heilt til topps. Like etter at du passerer en barnehage startar traktorvegen som tar deg til toppen av Arnanipa. Du skal følge denne til det flatar ut og traktorstien deler seg i to. Ta til venstre her. Det blir ganske bratt eit stykke, men stien er lett å fylgje. Frå toppen held du kanten av fjellet med Arna på di venstre side medan du siktar deg inn på Garnes. Den øverste delen er utfordrande med bratte parti og mykje stein, men det blir etterkvart rom for stor fart og stor nytelse. Me fant ikkje stien heile vegen ned til Garnes, men det skal visstnok vera verdt det.

Sjå GPS-loggen under for meir detaljar. Merk at me gjekk feil i retning når me nærma oss toppen og endte opp i Reppadalen. Her var det derimot ein fin støl så det var verdt bommen. Du kan og sjå GPS-data på Endomondo.

Download file: Arnanipa MTB.gpx

Posted

in

, ,

by

Tags:

Comments

Leave a Reply

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.