Tips: Zoom inn på skjerm

Som lærar, foredragshaldar og kanskje ein som generelt likar å kome nærare inn på ting, så treng du å kunne gjere nettopp det: «zoome». Ein typisk presentasjon bruker overskrifter, bileter og andre typar element som er lett å sjå, med store fontar og tydelege og utheva detaljar. Dersom du derimot skal vise fram meir detaljar for brukaren, midlertidig, så finnes det moglegheiter for dette både til Windows, Mac og Linux.

Eit typisk bruksområde for min del er å gå nærare inn på detaljar i kodar, nettsider, grafikk, eller liknande. Det kan og med fordel brukast i «screencasts» (videoopptak av skjermen), i staden for å skulle redigere filmen etterpå.

Eg legg her fram ulike løysningar for ulike operativsystem.

Windows

Nedlasting

Eg anbefalar verktøyet «Zoom it» av Mark Russonovich, som har ein del meir avanserte funksjonar. Etter å ha installert programmet så kan du bruke snarvegar som CTRL+1 for å zoome inn der muspeikaren er, CTRL+2 for å .. og CTRL+3 for å starte ein nedtelling, til dømes frå 10:00 minutt og nedover.

Det finnes mange fleire moglegheiter, til dømes å låse det innzooma området for så å gjere enkle markeringar, skrive tekst (med tastatur), osv.

Mac

Det er innebygd støtte i MacOSX, og du finn det ved å gå til Systemvalg… > Tilgjengelighet > Zoom (i venstre meny), for så å aktivere «Bruk tastatursnarveier til å zoome». Standardinnstillinga er å bruke CMD, ALT og +. Du må zoome ut igjen ved å trykke CMD, ALT og -. Merk at dette er gradvis, steg-for-steg (du kan variere grada av zoom).

Eit alternativ som eg har lest gode kommentarar om er Zoom It. Dette kostar derimot 21 kroner.

Linux

På same måte som for MacOSX så er det innebygd støtte for zooming i mange Linux-versjonar. Min erfaring er med Linux Mint.

Du kan gå til Preferences > Keyboard > Keyboard Shortcuts > Universal Access. Frå der kan du sette tastar til å zoome inn og ut.

Bonustips

I alle nettlesarar eg har brukt (Chrome, Explorer, Firefox, Safari, Opera), så går det an å bruke CTRL+ og CTRL- for å zoome henholdsvis inn og ut. Dette er ingen perfekt løysning, til dømes fordi innhaldet blir skalert og kan derfor sjå pikselert ut, men det fungerer fint til enkel bruk.

Dersom du generelt slit med at oppløysninga på skjermen er for høg eller for liten (for lite eller for stort innhald) så kjenner du forhåpentlegvis til korleis dette går an å fikse.

  • Windows: Høgreklikk på skrivebordet eller gå via Kontrollpanel, velg «Skjerminnstillinger» og endre til ønska oppløysning.
  • Windows: Same framgangsmåte som over, men gjer endringar i forhold til å auke visse element.

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.