Speltips: The Banner Saga

The Banner Saga er eit turbasert strategispel med vikingar i hovedrolla. Du styrer ein gjeng med barske vikingar og medsammensvorne, kalla «Varls» (tenk på dei som supervikingar). Fiendar er det nok av, og dei kan vere ein utfordring å slå dersom du prøver deg på litt høgare vanskelegheitsgrad.

Banner-Saga-1920x1080

Grafikken er rett og slett fantastisk. Handlaga teikningar og animasjonar, med sjel. Grafikk er derimot ikkje alt, så då er det godt å merke at resten av spelet og er særs bra. Spelet er delt inn i ulike deler:

Kamp

Mykje av tida di går med på å forsøke å slå såkalla «Dredge», og andre rabbagastar. Kvar kamp foregår over eit område som er delt inn i små blokker, der blant anna begrensingar på kor langt dei ulike typane av styrkar kan gå, og plasseringar i forhold til angrep har noko å sei for strategien din.

The-Banner-Saga-kamp

Reisefot

Du bruker og mykje av tida di på å reise rundt på det detaljerte og spennande verdskartet. Her møter du stadig vekk på situasjonar der du må ta val som kan få store konsekvensar for tilgjengeleg mat, antall krigarar i gjengen din, med meir. Potensialet for å gjere dårlege val er stor, og gjer dette til ein spanande del av spelet.

The-Banner-Saga-reisefot
Slik ser det du ut når du går rundt om i verda.

Det kunne vore skrive mykje meir om denne godbiten av eit spel, og det har og blitt gjort. Les gjerne nokre meir inngåande anmeldelsar, til dømes hos Metacritic.com.

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.