Speltips: Samarbeid (co-op)

Her kjem nokre tips til spel som fungerer bra dersom du vil spele saman med nokon andre frå sofakroken. Mine erfaringar kjem frå PS3, PS4 og PC, men du finn spela på mange andre konsollar og maskiner òg. Merk at det går an å få med kona på slikt noko, dersom du vel riktige spel. Desse har fungert for meg.

Rayman Origins og Rayman Legends

Plattform: PS4, PC, PSVita, Wii U, XBox og sikkert fleire med.

Fantastisk plattformspel, med humor og spennande brett. Fungerer utmerka til samarbeid, og kanskje til og med litt intern konkurranse. Merk at dersom du kjøper Rayman Legends så får du moglegheita til å spele gjennom alle bretta frå Origins etter ei lite stund.

Lara Croft and The Temple of Osiris (og Guardian of Light)

Plattform: PS3, PS4, PC, XBox og sikkert fleire med

Isometrisk action og gåteløysning. Ikkje dei mest givande historiane, men det fungerer likevel bra dersom du er i eventyrmodus. Spesielt fokus på å samarbeide, noko som gjer at begge må engasjere seg. Særs bra!

LittleBigPlanet 1, 2 og 3

Plattform: PS3, PS4, PSVita

Dette er og eit plattformspel – i alle fall i utgangspunktet. Men, det begrensar seg ikkje berre til det då du pga. fleire millionar utvikla brett (du kan lage dine eigne) kan finne alle moglege variantar og opplevelsar. Mykje kreativitet ligg uansett bak spelopplevelsen, og du kan fort bli sittande å berre smile over alle moglegheiter.

Ratchet and Clank: All-4-One

Plattform: PS3

Laga for opp til 4 spelarar. Du blir geleida gjennom brett etter brett med god humor, utfordrande kampar og ikkje minst; særs gode moglegheiter for både å samarbeide og konkurrere. Du har ikkje dei store moglegheitene til å gå kvar du vil, der du typisk er låst til å følge ein standardveg framover – men kva gjer det når det fungerer så bra.

Diablo 3: Reaper of Souls

Plattform: PS3, PS4

Jepp, din betre halvdel kan og bli hekta av den slags. Dette er kalkulert mosing av monster og hamstring av utstyr og pengar. Perfekt til samarbeid, opp til 4 stykk. Krever på høgare vanskelegheitsgrad at ein samarbeider på ein god måte.

Trine 1 og 2

Plattform: PS3, PS4, PC og sikkert fleire med.

Løys oppgåver og ta knekken på fiendar (noko som blir lettare dersom du spelar saman med nokon andre), og følg eit flott visualisert eventyr. Ein godbit.

Lego: Marvel Super Heroes

Plattform: PS3, PS4, PC, Xbox og sikkert fleire med

Til tross for litt irriterande deling av skjerm dersom ein er ulike plassar i brettet så fungerer dette bra med tanke på samarbeid. Eit voldsomt stort utval av karakterar å spele som, og minst like mange å ta knekken på. Aldri dei mest vanskelege oppgåvene, men sjarmerande og artig medan det pågår.

Metal Slug

Plattform: PC

Ein klassisk spelserie der du går mot høgre og skyt på alt som bevegar seg. Morsomt og oppfinnsomt. Fungerer ekstra godt når ein samarbeider.

Sacred 3

Plattform: PS3, PC, mm.

Sacred 3 er ingen klassikar. Det er til tider lettvint og lovleg enkelt oppbygd; slå fiende, samle «loot», repeter. Likevel, det kan vere kjekt å spele i kortare økter, der ein igjen må samarbeide på ein god måte dersom ein skal klare seg gjennom dei vanskelegaste kampane.

Towerfall Ascension

Plattform: PS4, PC, Ouya, med fleire

Spelet går ut på å ta knekken på opp til tre motstandarar i ein kamparena ved å enten skyte piler eller å hoppe på dei. Det er og mogleg å fange pilene til motstandarane, samt plukke opp diverse «power ups» i bretta, noko som gjer alt frå kraftigare piler til skjold. Det enkle konseptet er meir enn nok til å halde gjengen på kanten av sofaen ei god stund.

Fleire tips etter kvart.

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.