Turtips: Como-sjøen

Italia er eit flott land, som det er skrive mange gode tips om. Når me bestemte oss for å reise til Como-sjøen i sommar så var det derimot litt vanskelegare å finne gode turtips med tanke på fjellturar godt egna for bæremeis og småfolk. Her har eg derfor samla litt av våre turmål som falt i smak, med tilhøyrande bileter.

Me kom frå Milano. Fram til byen Como er det flott veg. Å køyre frå Como og utover tek derimot mykje tid. Smale vegar og til tider mykje trafikk gjer det til eit ork etterkvart som du har køyrt litt att og fram. Me forsøkte derfor å finne noko nært til der me budde, som var oppe i lia ved Calozzo og Saliana. Nærare bestemt budde me i Villa Aquila. Anbefalast.

Ver i alle fall ikkje i tvil om at det er flust med andre flotte områder igjen. Eg har lyst tilbake. Her er tre små turtips.

Dersom du er interessert i fleire bileter frå turane så kan du sjå det i albumet mitt på Google Photos.

Tips 1: Rifugio Menaggio

Forholdvis kort veg frå den småkoselege byen Menaggio. Køyr opp mot Rifugioen, på etterkvart ganske så kronglete vegar, men berre litt på grusveg. Stor parkeringsplass, på ca. 1000 moh.

Det tek omtrent ein time å gå opp, i lågt tempo. Her får du kaker og snacks, kaldt vatn frå ei kjelde, og ikkje minst veldig flott utsikt. Du har mange ulike turmål som kan nåast frå hytta, der me forsøkte oss på å gå utover mot ein Via Ferrata. Generelt bratt terreng, men lett å gå med bæremeis (merk: me gjekk ikkje Via Ferrata med bæremeis). Flott utsikt mot Como-sjøen og Lugano-sjøen.

Treng du fleire tips så er det berre å lese på dei offisielle sidene.

Tips 2: Rifugio San Jorio

Min personlege favoritt. Køyreturen tek forholdsvis lang tid, opp mot 1 t 40 m, og er på hårete vegar. Me kom heilt opp til 1700 moh. Trass litt skjemmande master, så er terrenget heilt fantastisk som utgangspunkt for turar i dei fleste vanskelegheitsgrader. Ein av turane som står på lista over grunnar til å kome tilbake er ein tur godt egna for å sykle heilt ned til Menaggio rundt dalen på flotte stiar. På skiltet sto det at denne turen tek 8 timar, noko eg reknar med er til fots.

Me gjekk frå parkeringsplassen, ved Rifugio Giovo på 1714 moh. Me gjekk opp på åsryggen for å få utsikt ned i dalane rundt. Du bruker ikkje mykje meir enn 30-45 minutt opp til grensa til Sveits på 2010 moh. Du bruker nok meir tid grunna utsikten. Du møter ei flott kyrkje (eller rettare sagt kapell, eventuelt religiøst bygg) på toppen – rett ved grensa til Sveits, og rett under finn du Rifugio San Jorio. Dette ligg ved Passo San Jorio. Flott hytte, knallgode kaker, kjekke folk. Her vil eg tilbake, og bruke som base for fleire turar. Du kan fylgje ein flott tursti/bilveg/kjerreveg tilbake til parkeringsplassen.

Vil du høgare opp er dette lettvint i mange retningar. Kom deg hit!

For fleire tips sjå dei offisielle sidene: http://www.rifugiosjorio.it/

Tips 3: Rifugio Venini

Ein ny tur med ein ankomst som er litt knotete. Men, igjen er det definitivt verdt det. Me køyrte til frå Menaggio, opp til Lugano og tilbake i retning Menaggio via kronglete småvegar. Du får panoramautsikt over så godt som heile Como-sjøen, samt deler av Lugano. Stas.

Turen er særs godt egna til tur med ungar. Her kan dei tilogmed gå sjølv, då det er flatt og fint store deler av turen. Me møtte kyr og geiter, som sto for underhaldninga.

Offisiell side: http://www.rifugiovenini.com/

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.